Narvikfjellet
Narvikfjellet er eit alpinanlegg i Narvik med tilbod for både barn og vaksne, erfarne og mindre erfarne ski- og snowboard-køyrarar. Med sine 9 preparerte og 4 upreparerte løyper, og 6 heisar byr fjellet på sterke opplevingar for alle og ein kvar. Anlegget har også ein gondolbane, kor turglade folk og turistar som ikkje ønskjer å køyre ski, kan ta turen opp til Fjellheisrestauranten for ta seg en matbit eller berre for å beundre den fantastiske utsikta over Narvik by og ofotfjorden. Det går også ein veg oppover langs fjellsida kor dei som ønskjer seg ein god trimtur kan gå opp og ned.
www.narvikfjellet.no
www.narvikfjellet.no
Narvikfjellet er byens største stolthet, og brukast flittig av både innbyggarar og turistar. Kontrasten mellom fjord og fjell er spesielt sterk i Narvik, og utsikta frå fjellet vil av mange beskrivast som magisk!