"Du bestemmer"
Nettstaden www.dubestemmer.no har som mål å auke ungdoms kunnskap om personvern og heve deira bevisstheit om val ein gjer når ein bruker digitale media som internett og mobiltelefon. Det er mellom anna utarbeidd undervisningsopplegg for vidaregåande skule, ungdomsskulen og dei eldste barna på barneskulen (9-13 år). På nettstaden kan ein også finne fleire filmar og hefter til bruk i undervisinga, som omhandlar mellom anna personvern, overvaking, digital mobbing og nettsamfunn.
I dagens samfunn, som er prega av digitale media og nettsamfunn, er det viktig at barn og ungdom blir gjort oppmerksame på kva dei vel å ta del i, og kva eventuelle farar dei kan bli utsett for. «Du bestemmer» er ein oversiktlig nettstad med mykje god informasjon om personvern og digitale media, som både kan brukast i undervisninga i skulen, og som barn og ungdom sjølv kan ta i bruk.