Rettskriving og reglar
Det er ikkje alltid like lett å hugse alle dei ulike reglane for rettskriving i norsk, med mindre du er norsklektor ved ei høgskule eller eit universitet. Hos mange ligg rettskriving innebygd som resultat av eigen opplæring i grunnskulen, utan at ein tenkjer over reglar og bøyingar. Innimellom kan det vere frustrerande å ikkje kunne hugse slike reglar dersom ein plutseleg har bruk for dei, til dømes dersom ein skal hjelpe barna sine med norskleksene. På denne sida kan du sende inn spørsmål som handlar om rettskriving i norskfaget, til dømes og eller å, bøying av svake verb, adverb eller framandord.